Strålande sesongavslutning på Liatoppen

10.04.2016 at 22:50

I helga gjekk verdas største skiskyttarrenn av stabelen på Liatoppen i Ål kommune. Liatoppen skiskytterfestival har over 1100 deltakarar i alderen 8-16 år. Det er frå 80-100 deltakarar i guteklassane og ca 50-60 deltakarar i jenteklassane. HIL sine 28 utøvarar hadde ei stålande fin helg i solskinet på Liatoppen. Denne festivalen er alltid ei kjekk avslutting på sesongen.

Det vart mange gode HIL-resultat. Av utøvarar som klarde å kome seg inn blant dei 30 beste kan me nemne;

Erlend Solvang (G16) 6.plass på sprinten laurdag med skytinga 1-0.
Anders Rød (G12) 10.plass på normalprogrammet søndag, skyteresultat 1-2.
Kristi Skjelbreid Gjelland (J12) 11.plass på normalen laurdag (0-0).
Katarina Aarseth (J16) 12.plass på sprinten laurdag (2-1).
Eirik Hjartnes (G14) 18.plass på fellesstarten søndag (3-1).
Otto Femsteinevik (G15) 19.plass på fellesstarten søndag (1-0).
Hedda Singelstad Kåsa (J 14) 19.plass på fellesstarten søndag (1-1).
Ingrid Hansen (J14) 20.plass på sprinten laurdag (1-0).
Øyvind Halvorsen (G14) 21.plass på sprinten laurdag (0-2).
Maria Haugse Rød (J15) 24.plass på fellesstarten søndag (0-1).
Håvard Heie Bjørndal (G16) 29.plass på fellesstarten søndag (2-0).
Kristoffer Haugse Rød (G12) 30.plass på normalprogrammet søndag (1-1).

Det vart også mange andre flotte resultat; sjå all info og alle resultat på http://liatoppenskiskytterfestival.no/

IMG_8360
Gratulerer til Erlend Solvang som vart trekt ut til treningssamling i Frankrike i juli.

IMG_8285 IMG_8207
Blide jenter: Stine og Kristi klarte 2 fulle hus!

IMG_8230 IMG_8228
8 nybegynnarar frå HIL gjorde flotte løp!

IMG_8190
Øyvind jublar over 8 treff og ein strålande 21.plass laurdag.

IMG_8198 IMG_8223
Små og store kosa seg i vårsola.

IMG_8166
Takk for flott skiskyttarsesong! No tek me pause fram til mai! 🙂