Fellestreningane startar opp att

16.08.2015 at 11:46

Frå og med veke 34 er skiskyttartreninga i gong att. 7.-10 klasse startar mandag 17.august kl 18.00 med kombinasjonstrening rulleski/skyting. For denne gruppa vert det trening kvar mandag, onsdag og fredag kl 18. Den yngste gruppa (4.-6.trinn) startar treninga att onsdag 19.august kl 18.00. Dei vil ha fast treningsdag på onsdagar. For 3.klassingar og evt nye skiskyttarar vil det vere OPEN DAG på Holdhus laurdag 5.sept kl 11.00. Skiskyttarskulen startar tysdag 8.september. Meir info kjem. Me gler oss til ein ny skiskyttarsesong med kjekke treningar og mykje god aktivitet i Hålandsdal Idrettslag!

aug13 163