Norgescup-siger til Heidi

17.01.2015 at 23:31

Under normalprogrammet i Norgescupen på Stemningsmogen i Flesberg gjekk Heidi Berlandstveit heilt til topps. Ho skaut 19 treff og vann i klassen Kvinner Senior. Gratulerer så mykje! 4 andre HILutøvarar kom blant dei 20 beste i sine klassar: Ingvild Berlandstveit 8.plass, Martin Femsteinevik 9.plass, Ragnhild Femsteinevik 11.plass og Håvard Hjartnes 16.plass. Mads, Anders og Bjarte har slite med sjukdom denne sesongen, men rapport  frå Flesberg melder om gutar som er glade for å vere i gong med Norgescuprenn igjen. Bjarte Solvang skaut veldig godt i dag og fekk ned 17 av 20 blinkar. For meir info om Norgescupen på Stemningsmogen sjå arrangøren si heimeside:  http://www.drangedal-ski.no/Norges-Cup2015.htm