Oppdatert løypemelding på Bygdastølen

22.12.2014 at 23:09

Så sant vèrforholda er slik at det er mulig å køyra løyper (ikkje for mykje regn), vil løypene bli preparert til kl. 10.00 no i jula. Det vil vere lys i løypene kvardagar, dvs 22. og 23, samt 29.og 30.desember frå kl 18.00-21.30. Høgtidsdagar og helger satsar me på at folk kjem seg ut på ski medan det er dagslys.