NM i skiskyting på Voss

25.03.2014 at 23:32

25.-30.mars er det klart for senior-NM i skiskyting på Voss ski-og tursenter. Det er meldt strålande vèr, og skiskyttarheltar som Ole Einar Bjørndalen, Emil Hegle Svendsen, Tora Berger og Tiril Eckhoff kjem. Dette blir kjekt! Mange av HIL sine seniorar og juniorar er påmeldt i dei ulike NM-øvelsane. Heia HIL! I samband med NM for seniorane er det også finalar i Statkraft Junior-cup. Frå HIL er juniorane Martin Femsteinevik, Ragnhild Femsteinevik, Ingvild Berlandstveit og Anders Hjartnes kvalifisert til finalerennet.
HIL håper at det er mange frå Fusa som tek turen til Voss for å få med seg eit flott NM-arrangement på Voss-ski og tursenter. For informasjon om program m.m. sjå http://skiskytingvoss.no/

arenavinter605

195 (2)

Mixnett