Popular Tags:

Vestlandsmeisterskap i Vik

16.03.2014 at 22:54

10 utøvarar frå HIL var i Vik i helga for å gå Vestlandsmeisterskap. Me gratulerer Otto Femstenevik og Ingvild Berlandstveit som Vestlandsmeistrar! Otto vann G 13-klassen på sprinten laurdag, Ingvild vann i klassen Kvinner 19 under normalen søndag. Andre medaljevinnarar i helga var Vegard og Håvard Bjørndal. Mange gode løp […]

Kretsmesterskap Sport 1 Cup Myrkdalen

09.03.2014 at 18:24

Laurdag 8.mars arrangerte Kvam LSK det 7. rennet i Sport 1 Cupen denne vinteren. Pga snømangel gjekk rennet i Myrkdalen. HIL gratulerer Ingrid Hansen, Otto Femsteinevik og Erlend Solvang med 1.plass under normalprogrammet. Emma Poiree, Torbjørn Fosså og Martin Dale sikra seg kvar sin 2.plass, og Katharina Aarset og Embrik […]

NM/NC i Os/Røros

09.03.2014 at 17:23

Gratulerer så mykje til Ragnhild Femsteinevik som tok ein ny NM-medalje då ho sikra seg sølv under NM-fellesstarten på Røros fredag 7.mars! Laurdag 8.mars var det NC SuperSprint og Søndag 9.mars var det NM Mix-stafett. Mange gode løp og etappar. For alle resultat sjå arrangøren si heimeside: http://os-idrettslag.no/5471.5454.NM-NC-2014.html 

5.plass til Martin i junior-VM

06.03.2014 at 19:29

Martin Femsteinevik gjekk eit flott løp under normalen i junior-VM onsdag. Han skaut 19 treff og gjekk inn til ein imponerande 5.plass. Me gratulerer så mykje! Link til resultat: http://services.biathlonresults.com/Live.aspx Martin Femsteinevik har gjort det svært godt under  junior-VM i USA. Han kom på 11.plass både på sprinten og på jakstarten. […]

Sport 1 Cup nr. 8 og 9 Voss ski- og tursenter

02.03.2014 at 00:07

Det var 2 flotte renndagar på Voss i helga. HIL stilte med ca 25  spreke utøvarar. På pallen på sprinten laurdag: Siger til Erlend Solvang, Otto Femsteinevik og Ragnhild Femstenevik. 2.plass til Eirik Hjartnes, Ingvild Berlandstveit og Thomas Netland. 3.plass til Håvard Hjartnes. For alle resultat sjå: Offisiel_resultat 1.mars 2014 Sprint/Fellesstart […]

Hovedlandsrennet

22.02.2014 at 10:48

I helga er det hovedlandsrenn for 15 og 16-åringane i Orkdal. Martin Dale og Embrik Børresen (bilde) frå HIL gjorde det bra under normalen fredag. Dei skaut begge 8 av 10 treff og Martin sikra seg ein sterk 32.plass. Embrik vart nr 44 i same klasse Gutar 15år. Me ynskjer […]

KM på Voss 16.februar

17.02.2014 at 21:52

Søndag 16.februar arrangerte HIL kretsmesterskap på Voss ski-og tursenter. Det var sprint for alle under 13 år, og fellesstart for alle dei andre utøvarane. Otto Femsteinevik vart kretsmester i klassen Gutar 13år. Eirik Hjartnes vann klassen Gutar 12år. Emma Poiree vart nr. 2 i klassen Jenter 11år. Brødrene Vegard og […]

Ragnhild Norgesmester!

14.02.2014 at 22:31

Ragnhild Femsteinevik gjekk eit kanonløp i NM på normal-programmet fredag! Med 18 treff og god fart i sporet vann ho klassen Kvinner 19år med god margin. Me gratulerer Ragnhild som Norgesmester!!! Søndag gjekk Hordaland SSK inn til gull på stafetten i klassen Kvinner 17-21 år. Ragnhild Femsteinevik, Astrid Wathne Matthiessen […]

Junior-NM i Brumunddal

13.02.2014 at 20:03

14.-16.febr. er det Junior-NM i skiskyting på Veldre Sag i Brumunddal. Fredag er det normalprogram, laurdag sprint og søndag er det stafett. Me ynskjer juniorane våre lukke til! For meir informasjon og link til startlister, livesending og resultat, sjå arrangøren Mjøsski si heimeside: http://juniornm2014.mjosski.no/

Sport 1 Cup i Vik

03.02.2014 at 19:30

Laurdag 1.og søndag 2. februar var det Vik sin tur til å arrangere kretsrenn. Det var utøvarar (totalt ca 150) frå Hordaland + Sogn og Fjordane. HIL stilte med 20 superspreke skiskyttarar. Det var mykje vind og skikkeleg tøffe forhold. Under laurdagens kretsmesterskap vart det gullmedalje til Erlend Eide og […]