Popular Tags:

Minner om skytebaneinstruks

05.06.2017 at 11:14

Vil med dette minne om skytebaneinstruks for Holdhus Skytebane for Skiskyting. Sjå heile instruksen her: Instruks Holdhus skytebane for skiskyting Det er m.a. viktig at ein respekterer banen si brukstid. Søndager og helligdager; skyting berre frå kl 13-18. Laurdagar; frå kl 9-18.

Ein super Årsfest

22.05.2017 at 19:13

Søndag var det Årsfest i Hålandsdal Idrettslag. Det var tradisjonelt program med bilde-kavalkade, matøkt og lotteri. Avtroppande  leiar Andrè Bjørndal fekk velfortent heider. Han har vore styremedlem sidan 2009 og HIL-leiar dei 4 siste åra, og han har gjort ein strålande innsats for Idrettslaget. Ellers vart alle utøvarane presenterte og […]

Støtte for renndeltaking sesongen 2016 / 2017

15.05.2017 at 21:47

HIL vil også i år dele ut litt støtte for reiseutgifter og overnatting i forbindelse med deltaking på senior – og junior renn, samt hovedlandsrennet. For å søke om støtte må kvar utøver fylle ut og returnere skjema til kasserer@haalandsdalil.no, Frist for returnering av skjema er 11.Juni 2017. Sjå skjema  her […]

Årsfest i HIL søndag 21.mai

08.05.2017 at 23:42

HIL inviterer til årsfest søndag 21.mai kl 18.00 på Hålandsdalen Montessoriskule. Kvar familie tar med litt mat, søtt eller salt.  Hugs også at kvar familie tar med ein gevinst til lotteriet.  Vel møtt! PS: Dersom de har artige bilete frå sesongen må de sende dei til Kari ( karihjartnes@gmail.com )  

Hedda til Young Star

04.04.2017 at 07:55

Hedda Singelstad Kåsa er på grunnlag av gode resultat på Hovedlandsrennet teke ut til å få vere med på Young Star samlinger i regi av Skiskytterforbundet. Første samling skal vere i Meråker i juni. HIL gratulerer! Sjå http://skiskyting.no/no/nyheter/Uttak+til+Young+Star+samlinger+2017.b7C_wJbW4B.ips

2 pallplassar på Liatoppen søndag

02.04.2017 at 22:28

Gratulerer så mykje til Guro Femsteinevik som vann klassen Jenter 13 år og Eirik Rød som kom på 3.plass i klassen Gutar 11 år. Fantastisk flott med 2 pallplassar til HIL i desse store og gode klassane på Liatoppen Skiskytterfestival. Av andre som kom høgt opp på listene på fellesstart […]

Gode HIL-resultat på Liatoppen

01.04.2017 at 22:59

Under sprinten på Liatoppen i dag vart det mange gode HIL-resultat. Anders Rød kom på ein sterk 4.plass i klassen Gutar 13 (totalt 100 utøvarar). Guro Femsteinevik og Kristi Skjelbreid Gjelland gjorde det også bra! Guro kom på 5.plass og Kristi klarde 8.plassen i klassen Jenter 13 (totalt 70 utøvarar). […]

Stafettsølv på Liatoppen

31.03.2017 at 16:25

HIL sitt stafettlag i klassen Jenter 13-16-år gjorde det sterkt i dagens stafett på Liatoppen Skiskytterfestival på Ål. Gratulerer så mykje til Maria Haugse Rød, Hedda Singelstad Kåsa og Guro Femsteinevik. Dei gjekk strålande etappar alle tre og det førte dei heilt opp på 2.plass av i alt 33 lag […]

Liatoppen; Innskyting, program og oppgåver fredag

30.03.2017 at 07:05

Sjå informasjon her:  Liatoppen 2017 Innskyting og løpsarrangement Fredag (1)

HIL med 4 samanlagtvinnarar i Gla’Laks-cupen

19.03.2017 at 23:26

Gla’Laks-cupen for denne sesongen er over og Hordaland Skiskyttarkrets har kåra årets samanlagtvinnarar. 4 av dei er frå Hålandsdal Idrettslag; Gratulerer så mykje til Guro Femsteinevik, Hedda Singelstad Kåsa, Eirik Hjartnes og Otto Femsteinevik. Her ser de vinnarane i kvar sin flotte skiskyttergenser frå Dale. Samanlagtvinnarar sesongen 2016/2017: Jenter 13: […]