Populære stikkord:

God HIL-innsats i Mo i Rana

22.09.2013 på 22:41

 Det var mange flotte løp av Hålandsdalen sine utøvarar i NM-løypene i Mo i Rana i helga. Aller best gjorde Martin Femsteinevik det. Han tok sølvmedalje under sprinten laurdag. Ragnhild Femsteinevik tok bronsemedalje på jaktstarten i klassen Kvinner 19år søndag. Ingvild Berlandstveit kom på 6.plass i same klasse. Det var mykje spanande å fylgje med […]

Lykke til i Mo i Rana

21.09.2013 på 08:46

Mange av juniorane våre er reist til Mo i Rana i helga for årets Sommar-NM i skiskyting. Me ynskjer alle lukke til! Livesending, resultat og anna info finn de på arrangøren si heimeside http://www.bossmoytteren.no/nm2013/index.htm

Skilisens for sesongen 2013-2014

20.09.2013 på 20:10

Her finn ein informasjon om skilisens: Info til klubbene om skilisens for sesongen 2013-14

Kjekk samling på Holdhus

15.09.2013 på 22:50

HIL arrangerte kretssamling for 13-16-åringane på Holdhus i helga! Over 30 ungdomar frå ulike klubbar i Hordaland skiskyttarkrets hadde gode treningsøkter og trivelege aktivitetar saman. Det er viktig å bli kjent på tvers av klubbane og gjennom mykje god trening, gode måltid og gøy fritid vert ein godt kjent. Ungdomane verkar godt […]

Bestilling av lagsdressar

15.09.2013 på 21:05

Det blir no mogeleg å bestille HIL overtrekksdressar og konkuransedressar. Tidspunkt for prøving og bestilling  kl 17.00-18-00 i gymsalen på Holdhus skule. Måndag 16. september. Onsdag 18. september. Onsdag 25. september. Bestilling_av_lagsdressar_2013                        

Luftig merketur til Gjønakvitingen

15.09.2013 på 21:03

Søndag 8. september vart det merka tursti til Gjønakvitingen på 1213 moh. Med sine over 1200 høgdemeter vart det ein drøy tur med målingsspannet. Turen er rekna til å ta minst 6 timar tur/retur. Merkegjengen brukte 8 timar.

Kretssamling i Hålandsdalen

01.09.2013 på 20:59

  13.-15.september vert det kretssamling på Holdhus for 13-16-åringane i Hordaland Skiskyttarkrets. SJÅ INVITASJON OG TRENINGSPLAN HER.

Dugnad og sikkerhetskurs

26.08.2013 på 22:11

Viktige datoar for dugnadar og sikkerhetskurs…..

Skiskyttarskule

26.08.2013 på 21:41

HIL inviterer til skiskyttarskule for nye skiskyttarar…

Thomas og Hilde vann Ottanosa Duathlon

18.08.2013 på 20:11

Det var tøffe forhold under Ottanosi Duathlon i dag, men totalt 56 tøffingar deltok. I konkurranseklassane var det Thomas Netland og Hilde Fenne som greidde beste tid. På grunn av skodde og dårleg sikt, vart målgang på toppen av Vindastegen. Sjå elles deltakar og resultatliste under Les meir