Populære stikkord:

Ragnhild og Martin på juniorlandslaget

15.04.2014 på 06:41

Gratulerer så mykje til søskenparet Ragnhild og Martin Femsteinevik med plass på juniorlandslaget!

Strålande sesongavslutning

07.04.2014 på 22:30

4.-6.april var det sesongavslutning for 9-16-åringane på Liatoppen i Ål. Det var 1100 deltakarar på verdas største skiskyttarrenn i år. Det var opningshow og premieseremoniar og mange blide born på ski. HIL stilte med 25 utøvarar. Alle gjorde ein flott innsats. Som døme på flotte resultat kan me nemna Otto […]

Spennande stafettar på Holdhus

02.04.2014 på 22:23

Onsdag 2.april var nesten 40 born på trening og testløp på Holdhus. Til tross for vinter med lite snø har denne fantastiske gjengen stilt på skiskyttartreningar gjennom heile sesongen. No er sesongen snart ferdig, og det var spennande stafettar, medaljar og vafler på treninga. Innsatsen var stor og humøret på […]

Liatoppen skiskyttarfestival

31.03.2014 på 07:19

Mange av HIL sine utøvarar i klassane 9-16 år avsluttar sesongen på Liatoppen i Ål 4.-6.april. Sjekk program, liste m.m. på www.liatoppenskiskytterfestival.no 

Mykje moro på Voss

30.03.2014 på 20:49

NM på Voss vart ei fin avslutting på skiskyttarsesongen. Me gratulerer Ragnhild Femsteinevik med siger i finalerennet for Statkraft Junior-cup og med 3.plass samanlagt i Junior-cupen. Ingvild Berlandstveit kom på ein flott 7.plass samanlagt. Gratulerer begge to! Elles var det spennande å fylgje lokale og nasjonale heltar på Voss i […]

Bjarte Solvang best i dag!

26.03.2014 på 21:00

Under normalprogrammet, 20 km, NM på Voss i dag gjekk Bjarte Solvang eit strålande renn. Han skaut 18 treff og hadde stor fart i sporet. Han gjekk inn til ein flott 16.plass, og vart best av HIL-utøvarane i dag. Johannes Thingnes Bø frå Markane vann. Det var 70 deltakarar i […]

NM i skiskyting på Voss

25.03.2014 på 23:32

25.-30.mars er det klart for senior-NM i skiskyting på Voss ski-og tursenter. Det er meldt strålande vèr, og skiskyttarheltar som Ole Einar Bjørndalen, Emil Hegle Svendsen, Tora Berger og Tiril Eckhoff kjem. Dette blir kjekt! Mange av HIL sine seniorar og juniorar er påmeldt i dei ulike NM-øvelsane. Heia HIL! […]

Finale Sport 1 Cup 2014

23.03.2014 på 22:32

Laurdag 22.mars var siste rennet i Sport 1 Cupen 2014. Kvam LSK arrangerte rennet i Myrkdalen pga snømangel i Kvam.  Det er klassane 13 til 16 år som tel i cup-samanheng. Otto Femsteinevik, Erlend Solvang og Martin Dale (bilde) gjekk heilt til topps i sine klassar på sprinten laurdag. Gratulerer […]

Vestlandsmeisterskap i Vik

16.03.2014 på 22:54

10 utøvarar frå HIL var i Vik i helga for å gå Vestlandsmeisterskap. Me gratulerer Otto Femstenevik og Ingvild Berlandstveit som Vestlandsmeistrar! Otto vann G 13-klassen på sprinten laurdag, Ingvild vann i klassen Kvinner 19 under normalen søndag. Andre medaljevinnarar i helga var Vegard og Håvard Bjørndal. Mange gode løp […]

Kretsmesterskap Sport 1 Cup Myrkdalen

09.03.2014 på 18:24

Laurdag 8.mars arrangerte Kvam LSK det 7. rennet i Sport 1 Cupen denne vinteren. Pga snømangel gjekk rennet i Myrkdalen. HIL gratulerer Ingrid Hansen, Otto Femsteinevik og Erlend Solvang med 1.plass under normalprogrammet. Emma Poiree, Torbjørn Fosså og Martin Dale sikra seg kvar sin 2.plass, og Katharina Aarset og Embrik […]