Popular Tags:

Renn på Geilo

29.11.2015 at 22:30

Denne helga gjekk over 250 små og store skiskyttarar renn på Geilo. Seniorklassane gjekk DNB-cup. Juniorklassane og yngre gjekk Sparebank 1 cup. Frå HIL stilte det 15 spreke utøvarar. Her er døme på nokre gode HIL-resultat: Sprint laurdag: Guro Femsteinevik vann klassen J 12 år, Anders Rød kom på 3.plass […]

Skisamling på Geilo

23.11.2015 at 22:58

I helga var 13-16-åringane samla til treningssamling på Geilo, dette var fyrste gongen på ski for sesongen. Det var kombinasjonstrening både laurdag og søndag morgon, litt kaldt (15-18 minus) men stemninga og motivasjonen var på topp som vanleg. Laurdag ettermiddag gjekk me roleg langtur rundt Ustevatnet, søndag gjekk me i […]

Martin til IBU-cup

23.11.2015 at 22:25

Gratulerer til Martin Femsteinevik som er teke ut til IBU-cup 1 i Idre i Sverige 27.-29.nov. Sjå uttaket her

Fantastisk sesongstart på Sjusjøen

22.11.2015 at 22:55

Utøvarane frå Hålandsdal Idrettslag gjorde ein strålande innsats då eliten seniorstarta skiskyttarsesongen i helga. Martin Femsteinevik vart tredje beste nordmann på sprinten laurdag. Samla vart det ein imponerande 9.plass. Utruleg bra! Bjarte Solvang låg veldig bra an inn til siste skyting. Der fekk han litt krevande forhold og det vart […]

Sesongstart skiskyting

18.11.2015 at 21:58

Til helga er det klart for sesongstart på Sjusjøen og me ynskjer HIL sine juniorar og seniorar lykke til. Me heiar på dåke! Sjå informasjon om renna her: http://www.sesongstartskiskyting.no/  13-16åringane skal på treningssamling på Geilo fyrstkomande helg. Neste helg (27. og 28.nov) er det renn for alle på Geilo. Sjå invitasjon […]

Idrettsstipend og Ærespris

18.10.2015 at 17:56

Fusa idrettsråd informerer om idrettsstipend og ærespris for 2015. Idrettsrådet ber om at idrettslaga kunngjer ordninga med idrettsstipend mellom sine medlemer og at styra i idrettslaga kjem med forslag til kandidatar for æresprisen. Frist for begge ordningane er tysdag 10. november. Sjå informasjon om ærespris her: Ærespris 2015 Sjå informasjon om […]

Terminliste

06.10.2015 at 22:49

Styret i Hordaland Skiskyttarkrets har no vedtatt terminliste for sesongen 2015-2016. Lista finn du under ARRANGEMENT / terminlister.

Treningsplan 9-12 år

28.09.2015 at 19:37

Treningslan for den yngste gruppa er no lagt ut under TRENING, gruppe 9-12 år.

Vengsvatnet rundt

27.09.2015 at 20:30

Nær 100 sprekingar deltok på Vengsvatnet rundt søndag 27.september. Martin Dale var raskast rundt vatnet i år igjen! Han fekk beste tid og vann juniorklassen på 38 minutt og 12 sekundar. Andre vinnarar: Emma Skjelbreid Poiree (Jenter 13-14), Eirik Hjartnes (Gutar 13-14), Katarina Aarseth (Jenter 15-16), Otto Femsteinevik (Gutar 15-16), […]

Vellukka samling

27.09.2015 at 19:20

Hordaland skiskyttarkrets sine 13-16-åringar hadde ei fin samling i Hålandsdalen denne helga. Me takkar kjekk ungdom og flinke vaksne som var med og gjorde samlinga så bra. Her ser de ei rekke bilete frå noko av det som skjedde på samlinga: