Norgescup i Myrkdalen Søndag 25.januar

26.01.2014 at 22:07

Trass mykje vind har det vore 2 flotte dagar i Myrkdalen. I dag  slo Ingvild Berlandstveit (bilde) til med 9 treff og 3.plass på sprinten. Ho går i klassen Kvinner 19år. Martin Femsteinevik gjekk også eit flott løp. Han skaut 8 treff og enda på 7.plass i klassen Menn 20-21 i dag. For alle resultat sjå www.eldar.no. Arrangørklubben Eldar kan vere godt nøgd med gjennomføringa av Norgescuprenna for junior og senior. Dei over 400 utøvarane frå heile landet såg ut til å trivast godt i dei flotte, snørike løypene i Årmotslia skisenter.