Kvalfoss-sprinten 2014

20.01.2014 at 23:02

Under Kvalfoss-sprinten samlast 13-16 år gamle skiskyttarar frå heile Norge seg i Oslo. Vanlegvis går rennet i  Holmenkollen, men i år vart det flytta til Fossum pga snømangel i Kollen. HIL sine 10 utøvarar i 13-16-årsgruppa gjorde ein flott innsats i hovedstaden. Best av alle gjekk det med Otto Femsteinevik i klassen Gutar 13 år. Han gjekk inn til 5.plass på sprinten laurdag og 6.plass på normal-programmet søndag. I guteklassane er det over 100 deltakarar i kvar klasse, så konkurransen er stor! Katharina Aarseth gjekk flotte løp i helga. Laurdag fekk ho t.d. 9 treff og 13.plass. Glimrande resultat! Jenteklassane har ca 60 utøvarar i kvar klasse. Torbjørn Fosså (G13) klinka til med 9 treff under normalen søndag. Det er viktig med god skyting når ein får 30 sekund i straff pr. bom. Embrik Børresen (Gutar 15) skaut stabilt i helga. Han klarde 9 treff begge dagane. Det heldt til 31.plass. Martin Dale var også stabil denne helga. Han klarde å få ned 7 blinkar begge dagane og gjekk inn til to flotte 38.plassar. Håvard Hjartnes skaut 8 treff på sprinten. Han vart då nr. 25 av 100 ivrige gutar i klassen Gutar 16år. Ingri Hovland si beste plassering i helga var 26.plass under normalen. Trass 4 bom, gjekk ho veldig fort i sporet og klarde ein flott plassering. Maria Haugse Rød som vanlegvis er ein av våre beste skyttarar, bomma litt meir i helga enn ho pleier, men gjekk to gode løp. I klassen Gutar 14 har me 2 solide karar; Erlend Solvang og Håvard Bjørndal. Håvard skaut godt på sprinten, då klarde han 8 treff. Det heldt til 33.plass. Erlend gjekk strålande i sporet begge dagar, men skaut på seg litt fleire bomskudd enn han pleier.
Etter at konkurransane var unnagjort om dagane var det tid til andre kjekke ting. Det er gøy å vere på tur!
www.kvalfoss-sprinten.no