Karusellrenn nr. 1 kom plutseleg.

14.01.2014 at 23:00

Tysdag 14.januar vart det ganske hastig bestemt at ein skulle prøve å få til vinterens fyrste karusellrenn på Holdhus. Sjølv om ein ikkje hadde fått varsla så mange, stilte det 65 ivrige utøvarar til start. Dei yngste går 500 meter, og så stig løypelengda med alderen. Det ser ut som at kulden og snøen skal halde ei stund framover så då håpar me på karusellrenn mange tysdagar framover. Følg med på heimesida for meir informasjon etter kvart. Resultata frå rennet tysdag 14.januar, finn du her: 2014-res-karusell1
Sjå bilder frå Renn nr. 1 her: