Norgescup nr. 2 Sjusjøen 4.-5.januar

05.01.2014 på 23:28

Norgescuprenna for juniorar vart flytta frå Karidalen på Østre Toten til Sjusjøen (Lillehammer) pga snømangel på Toten. 9 utøvarar frå HIL stilte til start på sprinten laurdag og jaktstarten søndag. Det vart mange spennande løp. Ragnhild Femsteinevik og Ingvild Berlandstveit (Kvinner 19) sine beste plasseringar denne helga var på sprinten. Der gjekk Ragnhild inn til 4.plass og Ingvild inn til 6.plass. Martin Femsteinevik (Menn 20-21) gjekk seg opp frå 5.plass på sprinten til 4.plass etter jaktstarten. Anders Hjartnes (Menn 19) klatra frå 22.plass på sprinten til 15.plass på jaktstarten. Thomas Netland gjekk godt på sprinten og vart då nr. 25. i klassen Menn 20-21år.  For alle resultat sjå: http://nctoten.fastweb.no/resultatlister_194.html

Neste Norgecup går i Myrkdalen 25. og 26.januar. Det blir kjekt med Norgescup på «heimebane». Då reknar me med at alle HIL-utøvarane er i slaget, og at det vert mange som tek turen for å heie på dei flinke HIL-utøvarane våre.

 

Litt info om Norgescup i Myrkdalen her:

Program:
Laurdag: Normalprogram.
Sundag: Sprint
19-års klasse går same distanse som 20-21 pga uttaking til junior VM.

Tidsplan:
Fredag 24. januar:
Rennkontor på arena ope kl. 09.00 – 15.30
Offisiell trening: kl. 09.30 – 15.00
Lagleiarmøte i Myrkdalstovo kl 17.00 – 18.00

Laurdag 25. januar: Normalprogram.
Rennkontor på arena ope kl. 07.30 – 17.30

 

TID   KLASSE
08.00 – 09.15 Innskyting pulje 1 K17, K18, M17, M18
09.30 Første start pulje 1  
12.15 (ca) Siste målgang pulje 1  
12.30 – 13.45 Innskyting pulje 2 K19, K20/21, Ksen

M19, M20/21, MSen

14.00 Første start pulje 2  
16.45 (ca) Siste målgang  

Kl 18.00: Premieutdeling alle klassar i/ved Myrkdalen Hotel

Sundag 26. januar: Sprint.
Rennkontor på arena ope kl. 07.30 – 15.30

TID   KLASSE
08.00 – 09.15 Innskyting pulje 1 K17, K18, M17, M18  
09.30 Første start pulje 1    
11.20 (ca) Siste målgang pulje 1    
11.30 – 12.45 Innskyting pulje 2 K19, K20/21, Ksen

M19, M20/21, MSen

 
13.00 Første start pulje 2    
14.50 (ca) Siste målgang    

Kl 12.15: Premieutdeling for pulje 1 v/Myrkdalen Hotel.
Premieutdeling for pulje 2 på arena etter kvart som offisielt resultat ligg føre.

 Parkering:
På Nyestølen (hoppbakkesletta) med dagsats 50 kr. Ved hotellet i Myrkdalen Fjellandsby (1 km å gå). Det vil gå skytteltrafikk med minibuss mellom hotellet og Nyestølen.