Julestemning i Myrkdalen

30.12.2013 at 17:51

Det var flott å vere på skiskyttarrenn i Myrkdalen søndag 29.desember. Det var fint vèr og gode forhold og HIL-utøvarane gjorde gode løp. 3 av dei yngste gjekk heilt til topps. Det var Emma Poiree (Jenter 11år), Eirik Hjartnes (Gutar 12år) og Otto Femsteinevik (Gutar 13år), sjå bilde. Av juniorane var det Ingvild Berlandstveit og Thomas Netland som gjorde det best. Dei sigra i sine klassar (Kvinner 19 og Menn 20-21). Maria Haugse Rød kom på 2.plass i sin klasse (Jenter 13år), Håvard Bjørndal på 2.plass  i Gutar 14år og Håvard Hjartnes på 2.plass i Gutar 16år.  Katarina Arseth og Ingri Hovland fekk kvar sine 3.plassar i klassane Jenter 14 og 15 år. Martin Dale kom på ein flott 3.plass i klassen Gutar 15år. Det var 6 nybegynnararar frå HIL med. Dei skaut kjempegodt og gjekk flott i sporet. Etter løpa var det mykje god leik i fint vinterlandskap. Det er kjekt med skiskyttarrenn! Resultatlista finn de her: http://www.emit.biz/races/2013.12.29/Sport_1_cup_nr_2_Normal/resultat/index.htm

romjul13 110 romjul13 148
Emma Poiree, Eirik Hjartnes og Otto Femsteinevik fekk kvar sin 1.plass under normalen i Myrkdalen søndag.