NM / NC på Lygna

14.03.2021 på 23:47

Endelig fekk klassen menn og kvinner 20-22 år gå nasjonalt renn. I helga var det NM i sprint og normal på Lygna skisenter i Gran kommune. Gratulerer til Maria Haugse Rød med flotte resultat! Ho kom på 14. plass på normalprogrammet og 28.plass på sprint. 

Seniorklassane gjekk Norgescup på Lygna. Laurdag gjorde Martin Femsteinevik det veldig bra, med ein 4.plass på sprinten. Gratulerer! Søndag vart det 17.plass på normalprogrammet.