Takk for fantastisk innsats

09.01.2021 på 21:08

Det har blitt jobba med snøproduksjon natt og dag i fleire døgn, og laurdag fekk ivrige skiskyttarar trene på snø på Bygdastølen. Det er no løype rundt standplass og i 500- meteren. Tusen takk til alle dei som har stått på for å få dette til! No håper me på natursnø i dagane som kjem. Då blir det veldig bra!  

OBS: Dersom du ønsker å prøve løypene HUGS SKI, ikkje gå på beina!