Sesongens fyrste Gla’laks-renn i strålande vintervèr

03.01.2021 på 22:45

Voss: Søndag 3.januar vart det endeleg skiskyttarrenn! Heile 27 spreke utøvarar frå Hålandsdal Idrettslag deltok. Nicolai Åsvang Rød, Gitle Femsteinevik, Mathilde Eikeland Gjøen, Ingri Skjelbreid Gjelland, Alexander Åsvang Rød, Guro Femsteinevik, Kristoffer Haugse Rød og Martin Femsteinevik vann sine klassar. Det var stålande ver, god stemning og mange flotte idrettsprestasjonar. Gratulerer til alle for flott innsats! Me er stolte av dykk og håper på mange fleire renn denne vinteren! 

HIL

Resultat: https://live.eqtiming.com/55244#result 

 

 

27 av totalt 110 deltakarar var spreke unge skiskyttarar frå Hålandsdal Idrettslag: