NM på Voss; GULL til Guro!

20.09.2020 på 20:26

I helga arrangerte Voss NM i rulleskiskyting. Trass strenge reglar for smittevern vart det eit flott arrangement,

og HIL fekk mange gode plasseringar.

Gratulerer til Guro Femsteinevik (K17) som gjekk inn til 1.plass på fellesstarten i dag!

Samla sett så gjorde HIL sine ferske juniorløparar det veldig bra i helga. Nemner som døme Kristoffer Haugse Rød (M17) sin 9.plass på sprinten laurdag, og Thomas Aarseth (M17) sin 13.plass på fellesstarten søndag. 

Også mange andre gode HIL-resultat! Sjå alle resultat på NM Voss 2020 si heimeside: 

https://www.skiskytingvoss.no/

Glad vinnar på fellesstarten: Guro Femsteinevik (K17) Hålandsdal Idrettslag / Team Gla’laks.