Flott innsats på Hovedlandsrenn

01.03.2020 at 19:48

Karidalen/Østre Toten: Fem 15-og 16 åringar frå HIL gjorde flotte løp på hovedlandsrennet i helga. Gratulerer med 2.plass til Guro Femsteinevik og med 7.plass til Kristoffer Haugse Rød på normalprogrammet fredag! Det er sterkt med slike flotte plasseringar i eit så stort renn! (over 90 løparar i guteklassane og over 60 løparar i jenteklassane). Sprint laurdag: Guro kom på 4.plass, Kristoffer på 15.plass. Med sterke prestasjonar på hovedlandsrennet sikra Guro og Kristoffer seg plass på young-star-rennet som arrangeres i Holmenkollen lørdag 21. mars. Det blir stas!
Kristi Skjelbreid Gjelland, Thomas Aarseth og Marcus Lernes Andreassen gjorde det også veldig bra i helga. Her er nokre gode eksempel på det:
Kristi: 20.plass på normalprogrammet, 38.plass på sprint (litt uheldig med skytinga denne helga, men bra likevel). Thomas: 55.plass normal (10 treff!) og 52.plass sprint (9.treff). Marcus: 53.plass normal og 37.plass sprint (9 treff begge dagane).

HIL og Hordaland gjorde det også veldig bra på stafettane søndag:

Kristoffer gjekk saman med 2 frå Voss og 1 frå Eldar og kom på ein sterk 4.plass (av totalt 26 lag).
Guro og Kristi gjekk saman med Tiril frå Eldar og dei kom på ein flott 5.plass (av totalt 22 lag).
Thomas og Marcus gjekk saman med ein frå Eldar og ein frå Fana og dei klarde ein fin 19.plass (av totalt 26 lag). 

Strålande innsats av skiskyttarane frå HIL!

Og ikkje minst: veldig kjekt med samholdet i kretsen (Hordaland SSK)! Hovedlandsrenn er gøy!

Her ser de nokre bilete frå ei kjekk helg på Toten:


Gutta frå Hordaland SSK


Kristoffer, Loke, Johannes og Heine: 4.plass på stafett til denne flotte gjengen, G 15-16, Hordaland SSK 1.


Guro, Tiril og Kristi: Jentene (Hordaland SSK 1, J 15-16) klarde 5.plass på stafetten. 


Thomas og Marcus skaut svært godt i helga og gjorde gode løp.


Nøgde ungdomar: Guro og Kristoffer har sikra seg plass på young-star-rennet i Holmenkollen 21.mars!

 

Alle resultat finn de under «skiskyting» / Hovedlandsrenn Karidalen på https://www.eqtiming.no/