Fine forhold på Bygdastølen!

13.02.2020 på 18:56

Det er flotte løyper på Bygdastølen! Du kan sjekke når løypene vart preparert sist på https://loyper.net/#haalandsdalen
Passar det best med ein skitur om kvelden kan lysa setjast på manuelt med brytar ved starten av løypa og oppe ved stadion. Lysa slår seg automatisk av kl 21.30.
Du kan kjøpe årskort på vegen via heimesida, eller betale for enkeltturar med kontant/vipps på Solvang.

God skitur!