2 pallplassar til Ragnhild i Norges-Cup

26.01.2020 på 23:24

NC i Gautefall/Telemark 25.-26.jan: Gratulerer til seniorløpar Ragnhild Femsteinevik som kom på 3.plass på sprinten laurdag og på 2.plass på jaktstarten søndag. Martin Femsteinevik gjekk inn til 12. og 11.plass i seniorklassen for menn. Ingvild Berlandstveit klarde ein 9.plass og ein 15.plass (K senior). Godt jobba!

 

Også juniorløparane gjekk Norges-Cup i Telemark.
Maria Haugse Rød (K19) skyt svært godt; Sprint laurdag: 9 treff og 19. plass. Jaktstart søndag: 18 treff og 13.plass.

Sjå meir info og alle resultat på arrangøren si heimeside: http://ncgautefall.no/