Gode HIL-løp i Kvalfoss-sprinten

25.01.2020 på 21:51

11 spreke HIL-ungdomar er i Holmenkollen og går Kvalfoss-sprinten denne helga. To av dei kom på pallen! Gratulerer til Guro Femsteinevik med 2.plass i klassen J 16, og Ingri Skjelbreid med 3.plass i klassen J 13.

Bjørg Marit Eide kom på 10.plass i klassen J 14.

Thomas Aarseth fekk diplom for 2 fulle hus i dag! 

Mange flotte løp av HIL-skiskyttarane som i Kvalfoss-sprinten konkurrerer med 13-16-åringar frå heile landet. I dei ulike klassane er det frå 50 til 90 utøvarar. 

I morgon er det normalprogram i Kollen. Me heiar på dykk alle!

Følg med på http://www.kvalfoss-sprinten.no/

 Guro

 Ingri

 Ingri

 Thomas