Skiskyttertreff på Geilo

02.12.2019 på 00:22

22 små og store skiskyttarar frå HIL stilte til start på skiskyttartreff på Geilo denne helga. Det var flotte forhold og mange gode prestasjonar under sprinten laurdag og fellesstarten søndag. Fleire av HIL sine løparar kom på pallen: Mathilde Eikeland Gjøen kom på 1.plass laurdag og 2.plass søndag, Alexander Åsvang Rød kom på 3.plass søndag, Guro Femsteinevik vann sin klasse begge dagar, Bjørg Marit Eide kom på 2.plass søndag og Ingri Skjelbreid Gjelland kom på 2.plass laurdag. I juniorklassane klarde Maria Haugse Rød 2.plass begge dagar og Katarina Aarseth kom på 2.plass laurdag og 3.plass søndag. Håvard Bjørndal kom på 3.plass søndag. 

Det var også mange andre gode HIL-løp. Sjå alle resultat via arrangøren si heimeside: https://skiskyttertreff.no/