Strålande sol Vengsvatnet Rundt

06.10.2019 på 21:48

Det var strålande sol når HIL arrangerte terrengløpet «Vengsvatnet Rundt» søndag 6. oktober. Totalt 80 små og store «tok runden» i det fine haustvèret, nokon i trimklasse utan tidtaking, andre i diverse konkurranseklassar. Aller raskast rundt vatnet var Martin Femsteinevik (HIL/Team Gla’laks) i klassen Menn Senior. Han knuste til med ny løyperekord på tida 31:57. Skiskyttaren Martin ser ut til å vere i svært god form, noko som lovar bra for komande sesong. I klassen Kvinner Senior var det Trude Andersen frå Voss som sigra. I juniorklassane vann Håvard Heie Bjørndal (HIL) herreklassen og Maria Fosse Vaksdal (Voss)  vann kvinneklassen. Natalie L Andersen og Sander Tennebekk Vik vann 13-14 årsklassen, medan Tiril Ure Totland og Sander Gravelsæter Søreng vann 15-16 årsklassen. Heile resultatlista finn du her: Resultatliste Vengsvatnet Rundt 2019