God HIL-innsats i Mo i Rana

22.09.2013 at 22:41

jun13 Det var mange flotte løp av Hålandsdalen sine utøvarar i NM-løypene i Mo i Rana i helga. Aller best gjorde Martin Femsteinevik det. Han tok sølvmedalje under sprinten laurdag. Ragnhild Femsteinevik tok bronsemedalje på jaktstarten i klassen Kvinner 19år søndag. Ingvild Berlandstveit kom på 6.plass i same klasse. Det var mykje spanande å fylgje med på under livesendinga. Bjarte Solvang, som er inne i sitt fyrste år som senior, låg strålande plassert  etter 1.skyting på sprinten laurdag, berre 30 sekund bak Norgesteten. Men mykje bom på ståande førte han desverre litt nedover på lista. Me ser me at løparane frå HIL/Team Statkraft Hordaland er i god rute framfor komande skiskyttarsesong. Me gler oss til snøen kjem!
Sjå resultatlister og bilder frå Sommar-NM på http://www.bossmoytteren.no/nm2013/index.htm