Siger til Guro

07.04.2019 på 22:10

Liatoppen søndag 7.april: Guro vann fellesstarten i klasse J 15 år i dag. Strålande! Gratulerer! 

Samla så vart det heile 5 «Topp-10»- plasseringa til HIL-utøvarar i dag:

3.plass til Ingri Skjelbreid Gjelland, 6.plass til Kristoffer Haugse Rød, 10.plass til Alexander Åsvang Rød og 10.plass til Kristi Skjelbreid Gjelland. 

Også mange andre flotte HIL-plasseringar, t.d:
14.plass til Bjørg Marit Eide, 25.plass til Ingeborg Henanger Halvorsen og 25.plass til Solveig Eikeland Gjøen.

Utøvarar og støtteapparat frå HIL kosa seg i sola under siste rennet for sesongen. 

Takk til alle for ein flott sesong! De er gull!

 

Sjekk bilete, resultat og info på arrangøren si heimeside https://liatoppenskiskytterfestival.no/