Junior NM i Orkdal

18.03.2019 på 00:14

I år var det Orkdal IL som arrangerte junior-NM og fleire av HIL sine løparar gjorde det svært bra!

Ungdom/Junior/NM: Gratulerer til Katarina Aarseth som skaut 10 treff på sprinten og kom på 6.plass. Gratulerer også til Maria Haugse Rød som skaut 18 treff på fellesstarten og kom på 10.plass. Strålande resultat. Håvard Heie Bjørndal gjorde det også bra i helga: han kom på 22.plass på sprinten og på 29.plass på fellesstarten og skaffa seg såleis norges-cup-poeng i begge dei individuelle løpa.

Søndag var det NM-stafettar for ungdom/junior. Der gjorde Maria Haugse Rød og laget hennar (Hordaland, Kvinner 17-18) det veldig bra, og kom på 4.plass. 

Senior/Norges-cup: Gratulerer til Martin Femsteinevik som kom på 2.plass på sprinten laurdag. 

For meir info; sjå arrangøren si heimeside: http://www.knyken.no/nm-junior-2019/
og resultat på eq-timing: https://www.eqtiming.no/