Flotte resultat på Hovedlandsrennet

17.02.2019 at 23:43

Oppdal 15.-16.februar: HIL sine utøvarar gjorde det godt i NM for 15 og 16-åringar! Guro Femsteinevik gjekk inn til 2.plass på normalprogrammet i klassen Jenter 15 år.  Ho kom i mål 2 sek. bak vinnaren. Berre eit fall rett før mål hindra Guro frå sigeren denne gongen. Same dag gjekk Kristoffer Haugse Rød inn til 10.plass i klassen Gutar 15 år. Under sprinten klarde Kristi Skjelbreid Gjelland og Kristoffer Haugse Rød kvar sin 17.plass. Stine Henanger Halvorsen gjorde også flotte løp. Ho kom på 45.plass eine dagen og 48.plass andre dagen. Det var frå 65 til 105 deltakarar i kvar klasse. Sjå all info her:  https://hl2019.no/