Gode HIL-resultat i NorgesCup-renn

03.02.2019 på 19:09

Os i Østerdalen 2.-3. februar: 6 juniorar og 2 seniorar frå HIL stilte til start i Norgescuprenn i Os i helga. Martin Femsteinevik (M senior) klarde 3.plass både laurdag og søndag, gratulerer så mykje! Katarina Aarseth gjekk veldig godt søndag og kom inn på ein sterk 4.plass i klassen Kvinner 19 år. Maria Haugse Rød (K18) fortset med god skyting og etter 10 treff søndag kom ho på ein flott 9.plass. 
Håvard Bjørndal (M19) si beste plassering var 24.plass laurdag, Eirik Hjartnes (M17) si beste plassering var 25.plass laurdag, Ingvild Berlandstveil (K senior) klarde 19.plassen søndag, Hedda Singelstad Kåsa (K17) kom på 22.plass laurdag og Øyvind H Halvorsen (M17) 53.plass søndag. God innsats av alle. Me gleder oss til å fylgje dykk resten av sesongen. Neste NC er på Østre Toten om 3 veker.

Meir info og alle resultat frå NC i Os finn du på arrangøren si heimeside: http://os-idrettslag.no/10261.10258.SkiskytingArrangment.html


Martin Femsteinevik kom på 3.plass både laurdag og søndag.


Det er ein fin bukett med juniorar som går for Hålandsdal Idrettslag. Her er nokre av dei.

Topp 10: Katarina kom på 4.plass og Maria kom på 9.plass på sprinten søndag.