Suksess i Holmenkollen

27.01.2019 at 18:48

600 skiskyttarar frå 13-16 år har i helga gått Kvalfoss-sprinten i Holmenkollen/Oslo. Best av alle gjorde Guro Femsteinevik det. Ho vann både laurdag og søndag, og fekk vandrepokalen for samanlagtsigeren i klassen Jenter 15. Gratulerer! Kristi Skjelbreid Gjelland gjorde det også knallsterkt i Kollen. Søndag knuste ho til med 3.plass! Fantastisk med 2 HIL-utøvarar på pallen i denne jenteklassen.
Kristoffer Haugse Rød er også i god form for tida. Han klarte 5.plass laurdag og 9.plass søndag. Det er ei svært sterkt plassering i klasse med 76 andre gutar (Klasse Gutar 15).
Samla var det 7 utøvarar frå HIL på Kvalfoss-sprinten i helga. For fleire av dei vart det litt mange bom denne helga, men alle gjorde strålande innsats og gode løp. Sjå alle resultat via arrangøren si heimeside: http://www.kvalfoss-sprinten.no/