Luftig merketur til Gjønakvitingen

15.09.2013 at 21:03

merketur5

Søndag 8. september vart det merka tursti til Gjønakvitingen på 1213 moh. Med sine over 1200 høgdemeter vart det ein drøy tur med målingsspannet. Turen er rekna til å ta minst 6 timar tur/retur. Merkegjengen brukte 8 timar. Yngstemann Eirik Hjartnes er berre 11 år og er ein ordentleg spreking!
På vegen ned att tok vi oss ein runde på utsiktpunkta Kvitingsnibba og Gytro. Frå Kvitingsnibba er det meir enn 1000 meter rett ned i Kikedalen og eit fantastisk utsyn. Gytro ligg lengre nede, men med endå meir sug mot avgrunnen. Fusa sitt svar på Trolltunga! Ein spektakulær plass som alle med høgdenerver bør halda seg unna, men du må ikkje i oppsøkja desse utsiktspunkta. Det er høgst frivillig.  Turstien ligg veldig fint i terrenget med jamn stigning.  Turen er lang, men lettare å gå enn frykta.

Turen til Gjønakvitingen krev godt vær, men er kanskje det mest storslåtte ein kan oppleva av fjell i Fusa. Med god merking og nye skilt på veg, er dette fjellet mykje betre tilrettelagt enn på lenge. Ja og så må vi få ein ny turbok-kasse og bok. Det er litt bittert å koma til tom kasse. Framleis står det att å merka vidare til Loftet og Gavlen lengre inne på Gjønakvitings-massivet. Kven melder seg?

Kanskje ein kan arrangera ein fellestur neste år? Her bør mange fleire ta turen og no skal det vera mykje enklare å finna fram. God tur!

Venleg helsing Erik Vangsnes Kulturleiar