20 treff i krevande vindforhold

04.01.2019 at 21:07

Gratulerer så mykje til Maria Haugse Rød som var den einaste som klarde å skyte feilfritt under fellesstarten på NC-rennet på Liatoppen i dag. Med det enda ho opp på ein sterk 4.plass i sin klasse, Kvinner 18 år. 

Gratulerer også til Katarina Aarseth som klarde 10.plassen i Klassen Kvinner 19 år. 

Super innsats av jentene frå Hålandsdalen / Team Gla’laks!

Flotte løp også av gutane: 

Håvard Bjørndal (M19) : 25.plass

Otto Femsteinevik (M18) : 27.plass

Øyvind Henanger Halvorsen (M17) : 54.plass

Sjå alle resultat her: http://nm-skiskyting.idrettenonline.no/p/40180/resultatlister

I morgon skal både senorane og juniorane gå. Følg med på arrangøren si heimeside: http://nm-skiskyting.idrettenonline.no/

Masse lukke til alle!