Skiskyttarskule. OBS! Nye datoar!

07.08.2018 at 06:27

Har du lyst å byrje med skiskyting? Det blir skiskyttarskule på Holdhus for born født i 2010, og eldre:

Dag 1: Onsdag 22.August kl.16.30 – 18.00.
Dag 2: Laurdag 25.August kl.10.00 – 14.00.
Dag 3: Onsdag 29.August kl.17.00 – 18.00.

På skiskyttarskulen vil du og foreldra dine få ei innføring i sporten, med hovudfokus på tryggleik og reglar kring skyting, og handsaming av våpen. I tillegg vil me driva skytetrening i praksis, og litt øvelse på rulleski.

Hålandsdal IL held våpen og rulleski for dei som ikkje har dette sjølv i forbindelse med skiskyttarskulen. For dei som ynskjer å fortsetta med skiskyting etter skiskyttarskulen er det mulighet å leiga skiskyttarvåpen av Hålandsdal IL.

NB! Kvar utøvar må ha med seg ein føresett under heile skiskyttarskulen.

Etter fullført skiskyttarskule, kan dei som ynskjer bli medlem av Hålandsdal IL og delta på dei ordinære, og organiserte skiskyttartreningane.

Frist for påmelding til Skiskyttarskulen er fredag 17.august.
Påmelding eller spørsmål sendast til post@haalandsdalil.no (Oppgi namn, fødselsdato, namn på føresatte, telefonnummer og epost) (Har du våpen, og eller rulleski sjølv? Gje beskjed om dette ifm påmelding).

Me håpar å sjå mange nye framtidige skiskyttarar! ??

aug13 163