Stafett er gøy!

04.03.2018 at 23:53

Hordaland gjekk gode stafettar på HL i dag. Hedda S Kåsa gjekk fyrste etappen på Hordaland sitt fyrstelag og dei kom på 12.plass i klassen J 15 – 16. Eirik Hjartnes gjekk fyrste etappen på Hordaland sitt fyrstelag i klassen G 15 – 16 og dei kom på 7.plass. Øyvind H Halvorsen gjekk fyrste etappe på eit mix-lag (Hordaland + Troms) og dei slo til og vart nr. 1 i sin klasse. Gratulerer og takk for ei fin helg på Hovedlandsrenn i Brumunddal!