Ny super dag i Kollen

28.01.2018 at 23:33

Gratulerer til Guro Femsteinevik som tok nok ein 1.plass i Holmenkollen! Ho skaut 10 treff i dag igjen, og vart då vinnar av K.G. Larsen skytepokal med 20 treff i Kvalfoss-sprinten 2018. Ho vann også samanlagtpokalen i klassen Jenter 14 år.
Hedda Singelstad Kåsa klatra også opp på pallen under dagens normalprogram. Med 10 treff og god fart i sporet gjekk ho inn til 3.plass i klassen Jenter 16 år. Gratulerer så mykje!
Solveig Eikeland Gjøen klarde også to fulle hus i dag, og sikra seg dermed ein flott 12.plass i sin klasse (J14).
Kristi Skjelbreid Gjelland fekk 3 bom men klarde likevel å gå inn til ein flott plassering med 17.plass i same klasse som Guro og Solveig.
Med det vart det topp-20-plassering på alle dei 4 HIL-jentene på Kvalfoss-sprinten. Det er strålande!
Gutane gjekk i dag inn til 26.plass (Eirik med 7 treff), 27.plass(Øyvind med 9 treff), 37.plass (Marcus med 6 treff), og 38.plass (Kristoffer med 5 treff) i sine klassar. Dette er veldig bra i store guteklassar med opp mot 90 deltakarar frå heile landet.
Hålandsdal Idrettslag er strålande nøgd med innsatsen til dei spreke HIL-utøvarane i 13-16-årsklassane.
Neste renn-helg er på Voss om 2 veker. Då blir det nok mange fleire Hålandsdølar på tur. Me gler oss!

Guro pokal