Guro vann i Holmenkollen

27.01.2018 at 22:39

Gratulerer så mykje til Guro Femsteinevik som vann sin klasse (J14) under dagens Kvalfoss-sprint i Holmenkollen. Ho skaut 2 fulle hus og kom i mål heile 43 sekund før nummer to. Kristoffer Haugse Rød gjorde det også strålande. Han skaut 8 treff og gjekk inn til ein sterk 4.plass i klassen Gutar 14 år. Kvalfoss-sprinten er eit stort arrangement der jenteklassane tel 40-60 utøvarar og guteklassane tel 70-90 utøvarar. Då er dette fantastiske resultat! Resten av HIL-gjengen gjorde det også veldig bra. Eirik Hjartnes (G16) kom på 17.plass, Hedda Singelstad Kåsa (J16) kom på 23.plass, Kristi Skjelbreid Gjelland (J14) kom på 25.plass, Marcus Lernes Andreassen (G13) kom på 33.plass, Solveig Eikeland Gjøen kom på 38.plass og Øyvind Henanger Halvorsen (G16) kom på 40.plass. Flott innsats av alle! I morgon er det normalprogram i Holmenkollen. Følg med på http://www.kvalfoss-sprinten.no/