HIL med strålande sesongopning på Geilo

26.11.2017 at 00:48

Hålandsdalen Idrettslag stilte med heile 25 løparar på sprinten på Geilo laurdag 25. november. Det ser ut til at Hålandsdølene har gjennomført ein god treningshaust. Det vart siger til Martin Femsteinevik (Menn Senior) og Guro Femsteinevik (J14). Ingri Skjelbreid Gjelland og Alexander Åsvang Rød klarde kvar sin 2.plass i 11-årsklassane og Kristoffer Haugse Rød knuste til med 3.plass i klassen for Gutar 14 år. Veldig god innsats av alle HIL-løparane, sjå alle resultat på arrangøren si heimeside: http://skiskyttertreff.no/

Martin nov 17 IMG_1807 IMG_23701 IMG_23641