Young Star samling utsatt

04.10.2017 på 17:10

I terminlista for sesongen 2017-2018, står det oppført Young Star samling i Vik 13.-15. oktober. Denne helga skal det også arrangerast NM i terrengløp for 15-16 år, tom senior i Vik. På grunn av dette arrangementet må vi flytta Young Star samlingen til helga 27. -29 oktober. Innbydelse vert sendt ut snart.

Men dersom nokon har lyst til å delta på NM i terrengløp, kan me tilby overnatting i skihytta på Kålsete. Her kan de ta med heile familien om de vil. 15-16 år skal springa 2×2 km. Dette er kjempegod trening for skiskyttarane! Påmeldingsfrist til NM er 9 oktober.

Håpar å sjå mange skiskyttarar denne helga i Vik. Sjå invitasjon her: Invitasjon-NM Terrengløp

Har de spørsmål er det berre å ta kontakt.

 

Mvh

Bjørn Tore Årevik

Leiar HSSK