Ny løyperekord Vengsvatnet Rundt

01.10.2017 at 19:12

Under aktivitetshelga i Hålandsdalen vart det søndag 1.oktober arrangert terrengløpet «Vengsvatnet Rundt». Dette var siste økta i skiskyttersamlinga på Holdhus, men mange fleire enn skiskyttarungdomane ville gå/springe den fine rundløypa i det fine haustvèret i dag. Totalt var det 74 deltakarar i løpet. Aller raskast rundt vatnet i dag var Martin Femsteinevik. Han sette løyperekord med tida  32,44 og vann klassen menn Senior. Andre vinnarar var Sølvi Renate Nedreberg Askeland i klassen kvinner Senior, Otto Femsteinevik i klassen menn Junior og Katarina Aarseth i klassen kvinner Junior. I dei yngre klassane gjekk desse heilt til topps på premiepallen i dag: Engelina Rød (J 15-16), Eirik Hjartnes (G15-16), Guro Femsteinevik (J13-14) og Edvin Øygard (G13-14).  Sjå alle resultat her: resultat Vengsvatnet rundt 2017 , og sjå bilder frå løpet her: