Har du lyst å begynne med skiskyting?

27.08.2017 at 21:12

Hålandsdal Idrettslag startar skiskyttarskule
Holdhus tysdag 5.september kl 18.00-19.00

Føremålet er å gje nye utøvarar og deira føresette
innføring/opplæring i skiskyting,
spesielt med fokus på sikkerhet rundt bruk av våpen.
(Utøvar må alltid ha følgje av ein føresatt på skiskyttartreningane).

Det vert skiskyttarskule 5.sept, 12.sept og 19.sept.
Etter dette går dei som ynskjer å fortsetje med skiskyting inn i skiskyttargruppene.

Aldersgrense: f.o.m. 3.klasse.

Hålandsdal Idrettslag har ein del våpen og utstyr til utlån for dei som ynskjer å prøve! Så velkomen skal du vere!

Påmelding på e-post til post@haalandsdalil.no
innan fredag 1.september.

trening