Ein super Årsfest

22.05.2017 at 19:13

Søndag var det Årsfest i Hålandsdal Idrettslag. Det var tradisjonelt program med bilde-kavalkade, matøkt og lotteri. Avtroppande  leiar Andrè Bjørndal fekk velfortent heider. Han har vore styremedlem sidan 2009 og HIL-leiar dei 4 siste åra, og han har gjort ein strålande innsats for Idrettslaget. Ellers vart alle utøvarane presenterte og hylla, og samtlige fekk utdelt gullmedalje for innsatsen av den nye HIL-leiaren Arild Rød. 3 seniorar fekk i tillegg hyllest for pallplassering i nasjonale og/eller internasjonale renn. HIL sine utøvarar har gjort det svært bra i sesongen som ligg bak oss. Takk til alle som har bidratt! Me gleder oss til neste sesong!