Gode HL-stafettar

26.02.2017 at 17:55

HIL sine 5 utøvarar gjekk gode stafettar for Hordaland på Hovedlandsrennet i Meråker i dag. Øyvind H Halvorsen gjekk saman med 1 løpar frå Kvam og 2 løparar frå Vik i klassen Gutar 15 år. Alle 4 gjekk bra og klarde seg heilt uten strafferundar. Dei enda til slutt på ein sterk 7.plass, av i alt 17 lag.
Hedda S Kåsa gjekk 1.etappe for Hordaland sitt lag i klassen Jenter 15. Hedda leda i store delar av sin etappe, og til veksling var ho berre 10 sek bak laget som veksla fyrst. Til slutt enda laget deira på ein 6.plass, av i alt 9 lag.
Eirik Hjartnes gjekk i dag i klassen for Gutar 16 år, saman med klubbkamerat Otto Femsteinevik, samt ein løpar frå Voss og ein frå Vik. HIL-løparane Eirik og Otto gjekk dei to første etappane og klarde seg godt i eit sterkt felt. Dei veksla som nr 13 og 14 i eit felt på 24 lag. Til slutt enda laget på 20.plass.
Maria H Rød gjekk siste etappe på Hordaland sitt lag i klassen Jenter 16 år. Alle dei tre jentene på hennar lag klarde seg utan strafferundar og dei enda til slutt på ein flott 9.plass i eit felt med 19 lag.
Totalt sett så har det vore strålande innsats og mange gode løp for HIL og Hordaland i Hovedlandsrennet 2017.
Her er nokre bilete frå siste dag av HL: