5.plass og 11.plass i Hovedlandsrennet

24.02.2017 at 23:58

Skiskyttarar på 15 og 16 år frå heile landet er i helga samla på Hovedlandsrenn i Meråker. HIL har 5 utøvarar med. Fredag var det Eirik Hjartnes (G15) som gjorde det best av utøvarane frå HIL. Han skaut 9 treff, og kom inn på 5.plass. På laurdag var det sprint og då var det Hedda Singelstad Kåsa som klarde seg best. Ho kom på 11.plass etter å ha fått ned 8 blinkar og gått bra i sporet.
Søndag er det stafettar og HIL-utøvarane skal gå samnan med skiskyttervenner frå Hordaland skiskytterkrets. For alle resultat og anna informasjon sjå arrangøren si heimeside: http://msssk.no/Skiskyting/Toppmeny/HL-2017.html  Sjå livesenter her: http://www.liveresultater.no/livesider/livesenter.php?arr=563

IMG_8737 (3) (1)
Eirik Hjartnes vart nr 5 på normalen i klassen G 15 fredag.
Hedda S Kåsa vart nr. 11 på sprinten i klassen J15 laurdag.
Frå HIL går også Øyvind H Halvorsen (G15), Maria H Rød (J16) og Otto Femsteinevik (G16), og alle har gjort ein solid innsats.
Desse flotte HIL-utøvarane reiser saman med Hordaland skiskyttarkrets (som på Hovedlandsrennet i år har 17 utøvarar). Me ynskjer alle saman lukke til med stafettane i morgon.
Her er nokre bileter frå premiesermonien laurdag: