Vestlandsmeistrar

11.02.2017 at 22:27

I dag fekk HIL 2 Vestlandsmeistrar i 13-årsklassen; Kristi Skjelbreid Gjelland i jenteklassen og Anders Rød i guteklassen. Gratulerer så mykje! Katarina Aarseth som går i juniorklassen Kvinner 17 år og Bjarte Solvang i klassen Menn Senior klarde også gull i dag. Otto Femsteinevik kapra ein fin sølvmedalje i klassen G16. Kristoffer Haugse Rød (G13), Guro Femsteinevik (J13), Hedda Singelstad Kåsa (J15) og Maria Haugse Rød (J16) gjekk inn til bronseplass i sine klassar. For klassane 11 og 12 år vart det 3 tredjeplassar til HIL-utøvarar; Bjørg Marit Eide (J11) Andreas Aarseth (G12) og Sarah Øygard Eide (J12).

I morgon er det sprint som står på programmet og me ynskjer alle lukke til!
Her er nokre bilder frå ein flott laurdag i Voss ski-og tursenter: