Erlend Solvang til Frankrike

12.04.2016 at 22:51

Norge og Frankrike sitt skiskytterforbund har eit samarbeid om eit utvekslingsprogram. Resultatet av dette er ei vekes treningssamling i Frankrike i starten av juli.
I samband med Bendit Liatoppen skiskytterfestival vert det trekt ut 8 utøvarar som får vera med på denne samlinga.
Trekninga vert gjort ut frå resultata på sprinten laurdag etter desse kriteria:
Jenter 16 år: 4 stk.
Gutar 16 år: 4 stk.
For å bli med i trekninga må ein vere blant dei 10 beste i kvar klasse.
Erlend kom på 6.plass på spinten laurdag, vart med i trekninga, og vann! Gratulerer så mykje!!!
Her er dei heldige vinnarane som reiser til Frankrike i juli:

Nora Dokken Berget
Mari Lindmo Kvanneberg
Augusta Idland
Eira Kristine Håkonsen

Magnus Moan Fjerdingen
Erlend Solvang
Mats Øverby
Jørgen Solhaug Sæter

20160410_145922 (1)