6.plass til Ingvild i Norgescup i Mo i Rana

05.02.2016 at 20:24

Denne helga er det Norgescup i Mo i Rana. Berre 2 HIL-utøvarar er med.
Ingvild Berlandstveit gjekk ein solid fellesstart i dag! Ho skaut 19 treff og kom på 6.plass i klassen Kvinner 20-21. Strålande!
Bjarte Solvang gjekk raskt i sporet som vanleg. Trass 6 strafferundar kom han på 15.plass i klassen for Menn Senior.
Dessverre er det mange av HIL sine juniorar og seniorar som er sjuke og skada og som ikkje kunne reise nordover. Men dei to som er med, ser ut til å vere i god form.
Me heiar på dåke under sprinten i morgon!
Sjå livesending på arrangøren si heimeside: http://bossmo-og-ytteren-il-ski.idrettenonline.no/p/16507/nm—nc-skiskyting-2016  frå kl 09.00 laurdag.
Laurdag er det NC-sprint.
Søndag er der NM Mix – stafetter.

IMG_5863