Eirik vann i Holmenkollen

30.01.2016 at 17:59

Denne helga er HIL sine skiskyttarar i alderen 13-16 år i Holmenkollen og går Kvalfossprinten. Me gratulerer Eirik Hjartnes som skaut 9 treff og gjekk heilt til topps på lista i klassen Gutar 14 år. Det var fleire HIL-løparar som skaut godt under sprinten i dag. Katarina Aarseth og Håvard Bjørndal klarde også 9 treff i vinden. Katarina gjekk seg inn til ein flott 16.plass i klassen Jenter 16 år og Håvard kom på 34.plass i klassen Gutar 16 år. -Det er kjekt å gå i Holmenkollen, seier dei unge skiskyttarane. -Her får me målt oss mot jamaldringar  frå  heile landet.
På Kvalfossprinten er det ca 40-60 løparar i jenteklassane og opp mot 100 løparar i guteklassane.
I morgon er det normalprogram i Kollen. Sjå alle resultat og livesending på arrangøren si heimeside: http://www.kvalfoss-sprinten.no/