Fantastisk sesongstart på Sjusjøen

22.11.2015 at 22:55

Utøvarane frå Hålandsdal Idrettslag gjorde ein strålande innsats då eliten seniorstarta skiskyttarsesongen i helga. Martin Femsteinevik vart tredje beste nordmann på sprinten laurdag. Samla vart det ein imponerande 9.plass. Utruleg bra! Bjarte Solvang låg veldig bra an inn til siste skyting. Der fekk han litt krevande forhold og det vart dessverre for mange bom til å hevde seg heilt i toppen. Under fellesstarten på søndag gjekk Martin nok eit godt løp. Trass vanskelege forhold vart det berre 4 bom på 20 skot og han kom inn til 21.plass. Bjarte gjorde det også godt søndag. Han klarde seg også med berre 4 bom og gjekk inn til ein flott 11.plass i B-heatet og hadde ei veldig god tid. Siste års junior Ragnhild Femsteinevik gjorde det også bra på Sjusjøen. Laurdag skaut ho 2 fulle hus og kom inn på ein fin 41.plass i klassen kvinner senior. Me gleder oss til å sjå meir til denne gjengen ut over vinteren.

Sjekk reportasje om Martin på TV2 søndag:  her

Sjekk alle resultat frå sesongstarten på Sjusjøen her