Vengsvatnet rundt

27.09.2015 at 20:30

Nær 100 sprekingar deltok på Vengsvatnet rundt søndag 27.september. Martin Dale var raskast rundt vatnet i år igjen! Han fekk beste tid og vann juniorklassen på 38 minutt og 12 sekundar. Andre vinnarar: Emma Skjelbreid Poiree (Jenter 13-14), Eirik Hjartnes (Gutar 13-14), Katarina Aarseth (Jenter 15-16), Otto Femsteinevik (Gutar 15-16), Ingri Hovland (kvinner junior), Elin Eikeland Rød (kvinner senior), Raphael Poiree (menn senior). Gratulerer så mykje til alle! Arrangøren takkar sponsorane SPAR og LIFT UP for flotte premiar! Nær 30 born starta frå Skjelbreid og fekk såleis ei løype på 4 km rundt vatnet. Raskast av desse var Anders Rød i guteklassen og Guro Femsteinevik i jenteklassen. Heile resultatlista finn du her: resultatliste vengsvatnet rundt 27092015 Sjå biletkavalkade her: